Påmelding

Velkomen til Skei Spinning

Spinninggruppa er ei eiga gruppe under idrettslaget. Dette betyr at dei som skal nytte seg av spinningtilbodet må vere medlemmar av Jølster idrettslag. (Dei som betalar for enkelttimar treng ikkje vere medlem av Jølster IL).
Priser for 2024:
  • Første time er GRATIS!
  • Årskontigent: kr 1850,- (Vipps 1950,-)
  • Klippekort kr 950,- (Vipps 1000,-) for 12 klipp
    NB! Er personlig og må brukes innen 12 mnd frå dato kjøpt.
  • Enkelt-timar kostar kr 95,- (Kontant betaling på timen eller Vipps kr. 100,-)

SKEI SPINNING
– Kontonr : 3705.15.84458
– Vipps: 119973

Det er plass til 12 på kvar time og ein må melde seg på gjennom bookingsystemet på denne sida.

Avbestilling av plass                         
Om du ikkje har høve til å stille på time du er påmeldt , må du avbestille ved å klikke på ´lenke´ du fekk i e-post når du gjorde reservasjon.
Fristen for å melde seg av er seinast 3 timar før timen startar MEN vi ber om at avmelding skjer så snart som råd slik at nokon andre kan få din plass.
Om du ikkje melder deg av innan fristen og ikkje møter til time må du betale kr. 95,- i avgift.
Sett deg på venteliste!                  
Du kan sette deg på venteliste til timar som er fullbooka. Dersom nokon melder seg av vil den første i køen få tilsendt ein SMS (kr 5,-).Vedkomande har då 30 min på seg for å sikre seg timen, før den går vidare til neste mann/dame på ventelista.
Du bekreftar plassen ved å sende SMS ´TREN Ja´ til 1933, dette kostar kr. 3,-

Ein kan og bekrefte plassen ved å gå til oversikta over sine timar. Denne finn du ved å trykkje på lenke du fekk i e-post når du sette deg på ventelista.Dersom ingen av dei som står på ventelista takkar ja til timen vil den bli frigjeven for alle.