Velkomen til Skei Spinning!

Nina Knutson Halland, Sonja Grøneng , Ester Ytredal og Iselin Sunde, starta Skei Spinning ved god hjelp frå kjekke sponsorar 14.April 2012. Vi held til i Livsmesistringssenteret (tidlegare HV-10) på Skei.

Spinning er gruppetrening og innandørs sykling. Timane vert leda av ein instruktør som tar deg gjennom eit variert terreng, med fengande musikk. Spinning vart utvikla i USA i byrjinga av 90-talet, og kom til Noreg i 1997. Sidan den gong har spinning vore ein av dei mest populære gruppetreningar innan for fitnessbransjen.

Spinning passar for veldig mange:

● for deg som vil trene både kondisjon og styrke

● for dei som ynskjer ei alternativ haust/vinter trening for og byggje seg opp til sykkelsesongen.

● for deg som vil trene og samtidig vere sosial

● for deg som ynskjer systematisk pulstrening

● for deg som sliter med kne/rygg og ikkje kan/vil drive aerobic, step/styrke eller springing

 

Nina og Ester har tatt spinning instruktør kurs, og er klare for å ha fleire timar i veka kvar med ulik vanskeleghetsgrad. Her er litt for ein kvar smak, med variert musikk, for nybegynnarar og godt trente. Nedre aldersgrense er 15 år. (Om foreldrene godtar kan en begynne før )